Yoga

Velkommen til Allmenningen yoga!

Her får du mjuk og var yoga, rolege rørsler og pust som gjer godt i kropp og sinn.

Alle yogatimane handlar om å kjenne meistring, og å arbeide med kroppen. 

Alt skal kjennest godt, heile tida.

Den pedagogiske botninga i timane er tydeleg – her vil instruktøren rettleie merksemda til deltakarane, stille spørsmål og invitere til dialog der det er relevant. Fellesskapet er viktig i timane, og erfaringa av å gjere rørsler og puste i flokk er like viktig som den individuelle opplevinga. Sjå også lengre nede på denne sida om justering i yoga.

 

Den aktive ingrediensen i yogatimane er tid.

Vi gjev kroppen tid til å lære, tek oss tid til å kjenne at kommunikasjonen mellom hovud og kropp vert betre, merkar at vi vert sterkare og tryggare for kvart år som går.

Gjennom tid knytter vi varme band som reflekterer utviklinga vi går gjennom saman.

Denne utviklinga samanliknar vi gjerne med ei pilegrimsferd.

Yoga er ferskvare, og verkar best som fast del av livsstilen.

Det du treng vite før yogatimen:

Ha på deg komfortable klede du kan røre deg i, joggebukse og tskjorte er heilt fint. Du kan låne matte, pute og stol – men dei fleste vil helst ha med eige utstyr. Ta med drikke og eit pledd til avspenninga. Kom 10 minutter før timen byrjar – då har du fått gjort deg klar og senka skuldrene. Meld deg på gjennom lenka Timeplan & Prisar. Eg gler meg til å høyre frå deg!

Instruktøren din

Ingvild Skodvin Prestegård er utdanna i England, og er den første Dru yoga Teacher i Noreg. Ingvild har undervist yoga sidan 2014. Ho er også sosialantropolog med mastergrad frå Universitetet i Bergen, med spesialisering på rehabilitering, meistring, kroniske tilstandar og legningsprosessar. Dette gjev yogatimane ei eiga djupn. Ingvild er også aromaterapeut med ein VTCT-kvalifikasjon frå England – sjå yogaprogrammet for meir informasjon om korleis dette vert inkorporert i yogatimane. Du kan lese meir om Dru yoga her.