Retningslinjer for personvern
- Allmenningen SA (dette inkluderer Allmenningen yoga) samlar og lagrar personleg informasjon som gjer det mogeleg å halde kontakt med deltakarar, og som gjev informasjon til instruktøren om særskilte omsyn som må takast i yogatimar tilknytta tilstandar og spesifikke tematikkar. Dette gjer at vi kan best mogeleg tilrettelegge yogatimane for dei som tek del.
- Informasjonen er samla inn på papir i form av registreringsskjema, som deltakar fyller ut sjølv. Relevant informasjon (inkluderer, men ikkje naudsynt begrensa til, namn og epostadresse) vert manuelt overført til relevante online platformar for god kommunikasjon med deltakarane.
- Vi nyttar ulike online platformar for oppdateringar (Mailchimp – denne er valgfri), påmelding til yoga (Momoyoga), og kortbetaling (iZettle). Vi har også profilar på Facebook, Instagram, Twitter og Pinterest.
- Allmenningen SA samlar inn avidentifiserte opplysingar frå vitjingar til nettsidene våre, www.allmenningen.org, og lesing av oppdateringar gjennom Mailchimp, for å kunne utarbeide statistikkar som kan forbetre nettsidene og tilboda våre. Denne statistikken kan med anna fortelje om kor mange som vitja sidene eller les oppdateringane våre, kva nettlesarar som vart nytta, og kvar i verda dei var.
- Deltakaren har rett til innsyn, retting og sletting av personleg informasjon, dataportabilitet, å krevje at handsaminga av personopplysningar begrensast, og å motsette seg visse formar for handsaming. Innsyn skal gjevast innan ein månad etter skrifteleg førespurnad.
- Deltakaren har rett til å trekke samtykket sitt for handsaming av personleg informasjon attende, men vil då samstundes avslutte deltakarforholdet sitt med Allmenningen SA (med unntak av Mailchimp, som er valgfri). Dette er avdi informasjonen vi samlar og held, er naudsynt for å trygge deltakarane i yogatimane og tilboda vi gjev, og for å handsame den administrative sida av verksemda og tilbodet vårt.
- Dei online platformane har eigne rutinar for dataportabilitet. På Momoyogaplatformen har deltakarane til Allmenningen SA tilgang til, og kan styre, profilane sine sjølve. Dataportabilitet av informasjon som er lagra i papirform, vert utført i papirform.
- All personleg informasjon i papir- og digital form vert lagra sikkert, anten under lås, eller med passord.
- Allmenningen SA samlar inn lite informasjon om deltakarar. Informasjonen reknast som konfidensiell og lite sensitiv, og dagens sikringsrutinar reknast som gode nok.
- Allmenningen SA nyttar ingen automatiske handsamingar av personleg informasjon.
- På dei digitale platformane kan deltakaren eller pasienten sjølv melde seg av/ut, og slette detaljane sine.
- Informasjonen vert lagra i fem år etter siste deltaking, etter denne tid vert papira makulert på sikkert vis. Det er også mogeleg å be om at dette skal finne stad når ein deltakar forlet Allmenningen SA, under Retten til å Verte Gløymt. Sletting/makulering skal då finne stad innan ein månad.
- Deltakaren har rett til å klage til dagleg leiar Ingvild Skodvin Prestegård dersom hen meiner at informasjonen ikkje er handsama på forsvarleg vis. Klagen sendast til post@allmenningen.org
- Allmenningen SA deler aldri personleg informasjon med andre aktørar, med unntak av dei allereie nemnde online portalar og eventuelt fastlege/jordmor/doula der det er ønska av deltakaren, med skriftleg løyve frå deltakar på førehand.
- Dersom det er mistanke om avvik eller sikkerheitsbrot, skal Allmenningen SA etterforske. Allmenningen SA skal også ha god kontakt med dei ulike platformtilbydarane for å kunne rette opp att eventuelle feil, manglar eller risiko så snart som mogeleg. Varsling skal rettast til post@allmenningen.org, og dagleg leiar Ingvild Skodvin Prestegård tek seg av etterforskinga.
- Vidare har deltakaren rett til å klage til Datatilsynet dersom hen meiner at den personlege informasjonen har vert handsama i strid med reglane.