Yogakurs for vaksne

Treng du ein god start på året?

 

Yogakurs for vaksne er eit lågterskel nybyrjarkurs særskilt utarbeida for vaksne (16+) medlemmar av ADHD Norge Vestland. Kurset er ope for alle, med medlemmar av ADHD Norge Vestland får rabattert pris. No har ADHD Norge Vestland fått midlar frå Stiftelsen Dam til yoga, og vi kan difor tilby spesialpris for medlemmane så lenge midlane varar.

 

Kurset varer 8 veker, og du vil lære litt om anatomi i tillegg til yogarørsler og pusteteknikkar. Etter kurset vil du ha kjennskap til fleire yogateknikkar som kan brukast i kvardagen. Du vil også ha nok kunnskap til å ta del i andre yogatimar hjå Allmenningen yoga.

 

På kurset startar yogatimen med introduksjon og litt info om musklane vi skal arbeide med. Så gjer vi ei oppvarming, før vi tek fatt på dei andre rørslene. Vi får også med oss pusteøvingar, og til sist gjer vi ei avslapping på golvet. Tema for kurs denne våren er mjuke rørsler.

Det er viktig at du kjem presis til timen.

 

Yoga passar godt for deg med ADHD fordi det gjev ro i kropp og sinn, og det kan hjelpe med å halde fokus. Vi øver opp kommunikasjonen mellom hovudet og kroppen, får betre kontakt med kroppen, og lærer gode triks for kvardagsmeistring.

Du treng ei flaske vatn og eit pledd til avslappinga. Du kan få låne stol og matte. Ha på deg komfortable klede du kan røre deg i, gjerne joggebukse og t-skjorte.

Ikkje kom på yoga om du er sjuk.

Lenkjer til meir informasjon om yoga og ADHD:

https://www.webmd.com/add-adhd/adhd-mindfulness-meditation-yoga#1

https://www.yogitimes.com/article/yoga-help-adhd-symptoms-relax

Onsdagar kl. 16:30 – 18:00

 

Startdato 7. januar

Registrering & påmelding

 

 

Mandagar kl. 16:30 – 18:00

Startdato 17. februar

Registrering & påmelding

Prisar:

Medlemmar av ADHD Norge: 1000kr.

Ikkje-medlemmar: 2000kr.

Betal med kort på første timen.

Praktisk:

  • Maks. 8 deltakarar i kvar gruppe.
  • Informer instruktøren på epost om du ikkje kan ta del ein dag.
Allmenningen yoga administrerer påmelding og betaling for kurset.