Gjesteinstruktørar

 

Frå tid til anna kjem det Dru yogainstruktørar og andre gjestar på besøk. Her kan du sjå kven som har vore her hjå oss.

2019: Alison Hayward held til i Devon i England, og kom for å vere med på miniretreaten 31. oktober. Ho er ein ganske nyutdanna Dru yogainstruktør, og held yogatimar i landsbyen Cotleigh. Alison er interessert i å arbeide med miniretreats, med deltakarar som har ryggproblem og mykje anna.
2019: Toby Oliver var gjesteinstruktør på sommarkurset, på teknisk time og sekvenstime i juli. Toby held til i Sheffield, og driv med bedriftsyoga og ein-til-ein, og mykje anna. Toby og Ingvild tok instruktørutdanninga saman i Derby. Kjempekjekt med besøk!
2018: TillyLou James heldt ein nydeleg workshop for oss om den fantastiske Buttafly-puta. Klikk på biletet hennar for meir informasjon.

2016: Jenny Oakenfull var gjesteinstruktør hjå oss, og hjalp til med tekniske timar, sekvenstimar og svangerskapsyoga. Jenny held til i Yorkshire og driv med yoga og ernæring. Det var veldig kjekt å ha henne her, og supert med litt utveksling av erfaringar og idéar.