Yogatimane følgjer dette formatet:

 

  • Timane tek fatt med introduksjon om til dømes musklar, bindevev, yogafilosofi eller kosthald, frå eit antropologisk perspektiv. Dette tyder at du vil få informasjon som fører til samtale, spørsmål og ettertanke. Du vil også få gode reiskaper til å kunne betre forstå korleis rørslene vi skal gjere heng saman.
  • Vi gjer ei oppvarming, som fører merksemda til ulike deler av kroppen, og har som mål å gjere oss klare for vidare rørsler. Oppvarminga er ofte sakte og mjuk, og alle deltakarane set sine eigne grenser.
  • Så kjem rørslene (asana) – dei må lærast, utforskast og tilpassas kvar einskild. Dette tek tid, og er ein spanande prosess. Vi kjenner på grenser, på balanse, aukande styrke og kroppskontroll. Vi trener kjernemuskulatur og rygg, sjølvtryggleik og koordinasjon. Rørslene relaterer til overførbare tema og teknikkar, og kan ha stor innverknad på daglegliv og livskvalitet. Dette er ein plass for personleg vekst og utvikling. Deltakarane får instruksjon i korleis dei kan best tilpasse rørslene til dagsformen, slik at alt kjennast godt og trygt.
  • Vi trener på pusteteknikkar (pranayama), som gjev ro og balanse. Mange av teknikkane kan lett brukast i dagleglivet.
  • Den viktigaste delen av timen kjem sist – det er avspenninga. Deltakarane kviler på matta eller på stol, og vert losa gjennom ei avspenning, som gjev djup avkopling og kvile. Her kjem meditasjon også – vi bruker Lysmeditasjonar som er særskilt utvikla for deltakarane våre. Deltakarane er oppmoda til å bruke boka heime til personleg utvikling.