Lunsjsamling

Datoar 2025

Siste fredagen kvar månad.

Vi treffast på Guangdong House i Marken kl. 14:30.

Ta kontakt med Ingvild om du har spørsmål om lunsjsamlingane. Epostadressa er post@allmenningen.org

Lunsjsamlingane er ein samarbeidsarena for folk som er involverte i sosiale enterpriser.  

Vi treffast den siste fredagen i månaden til ei lunsjsamling der vi arbeider steg for steg med å utvikle oss sjølve som sosiale entreprenørar og ta målretta steg for dei respektive sosiale entreprisene vi er involverte i. Allmenningen SA er ein sosial entreprise, så alle som er involverte i og samarbeider med Allmenningen SA er sjølvsagt velkomne til lunsjsamlingane.

Frå våren 2025 skal vi arbeide med Dare to Dream Bigger-arbeidsboka som kan lære oss mykje nytt om personleg og profesjonell. Send Ingvild epost, så får du materiale vi skal ha jobba gjennom klar til samtale når vi treffast.

Det er viktig at du melder deg på til samlingene, slik at Ingvild kan sende deg førebuingsmateriale.

 

Du er hjarteleg velkommen,

Beste helsing Ingvild

 

Formatet for lunsjsamlingane er slik:

Vi tek fatt med 5 minutt kvar til å fortelje om kva vi held på med nett no, og kva vi treng hjelp med. Vi arbeider saman for å styrke, løfte og framme einannan, og våre respektive sosiale entrepriser.

Så jobbar vi med arbeidsboka vi held på med dette året. Vi drøfter dagens tema og ser på kva vi kan gjere, praktisk og konkret, for å jobbe smartare og betre nå måla våre.

Jo betre førebudd du er, jo meir får du ut av lunsjsamlingane.

 

Vi håpar du vil være med!

***

 

I 2024 tok vi føre oss artiklar frå Corporate Rebels. Dette arbeidet har gjeve oss ny forståing av korleis det går an å drive verksemd og jobbe smartare. 

***

 

I 2023 tok vi føre oss arbeidsboka Dare to Dream Bigger. Mellom samlingene arbeider vi kvar for oss, og så kjem vi saman for å  diskutere arbeidspunkta frå boka. Saman jobbar vi gjennom oppgåvene, kjenner på verdiane våre og set ord på det som var uklårt. I dette fellesskapet får vi hjelp til å tenke saman, utvide horisontene våre og botne arbeidet vi gjer i verdiane våre. Dette arbeidet vil også gje oss betre skikka til å styre prosjekta og verksemdene våre på heilskapleg vis, i retningar som er gode for oss sjølve og verda ikring oss.

***

I 2021 har vi teke føre oss Me and White Supremacy-boka. Dette er ei arbeidsbok som gjev oss reiskaper til å jobbe med antirasisme og underliggande tankestrukturar. Mellom samlingene arbeider vi kvar for oss, og så kjem vi saman for å  diskutere arbeidspunkta frå boka. Dette inkluderer kva vi kan gjere betre, kva vi har lært, og korleis vi kan ta praktiske grep for å auke inkludering i det vi gjer, der vi er. Dette arbeidet vil også gje oss betre skikka til å forstå, og arbeide med, universell utforming.

I 2022 har vi jobba gjennom Dare to Dream Bigger, og gler oss til å ta fatt på denne inspirerande reisa ein gong til i 2023.