Mikromodular

Kurs som passar i arbeidsdagen din.

Mikromodular er korte modular på mellom 20 – 45 minutt om ulike tema.

Kvar mikromodul står aleine, så de kan velje ein, fleire eller alle for å få dekka dei problemstillingar og behov de har i bedrifta dykkar.

 

De kan også velje den same mikromodulen fleire gonger for å jobbe djupare.

 

Fleksibelt, målretta & effektivt.

Vi held mikromodular for grupper frå sju deltakarar og oppover. Det er mogeleg å ha meir enn ein mikromodul på same dag, så eit program med åtte mikromodular kan haldast på to dagar. Av erfaring tilrår vi likevel å ha ein mikromodul om gongen, og bruke tid på refleksjon og læring i etterkant.

Teknikkane vi underviser vil du kjenne att frå dei andre tilboda våre – det er både yogaøvingar, pusteteknikkar og meditasjon i programmet. Vi jobbar også med polyvagalteori i praksis.

Vi kjem til deg og tek opp så lite tid av arbeidsdagen som mogeleg – slik at du får mest mogeleg ut av mikromodulen, og framleis har tid til å få jobben gjort.

Dersom de har behov som ikkje er dekka av desse mikromodulane, kan vi utvikle noko for dykk. 

Stress

Den første gruppa mikromodular frå Allmenningen.

Åtte mikromodular som tek opp stressrelaterte tematikkar.

Teoretisk introduksjon og praktiske teknikkar som kan vere med å gjere ein skilnad i kvardagen.

 

Ta kontakt for meir info, prisar og bestilling.