Rammedokument: Rammar for fellesskapet
Yogatimane er gode samlingar der deltakarane deler mykje av personlege røynsler. Dette er de velkomne til å gjere – vi arbeider saman med å finne ord på mange tankar og kjensler, og det kan vere nyttig å prøve dei ut i fellesskapet vårt.
Når vi trer inn i fellesskapet har vi kvar og ein eit ansvar for å ta vare på kvarandre. Dette tyder at vi respekterer at det som vert delt i fellesskapet, vert delt i tillit. Samstundes er det viktig at ingen deler meir enn dei vil sjølv.
Allmenningen yoga skal vere ein trygg stad å vere, der alle skal kunne vere seg sjølv og kunne vekse og utvikle seg i sitt eige tempo. Alle som kjem hit er på kvar si pilegrimsferd, med kvar sine utfordringar, men vi kan slå følge eit stykke på vegen i eit støttande og aksepterande fellesskap.
Som på ein arbeidsplass er miljøet alle sitt ansvar, men instruktøren har eit særskilt ansvar for å fasilitere og sette grenser. Dersom deltakarane har spørsmål eller bekymringar kring noko av det som er skildra over, vert de oppmoda til å snakke med instruktøren.
Dette rammeverket gjeld for alle Allmenningen SA sine aktivitetar, prosjekt og tilbod. Den mjuke og respektfulle tilnærminga som vi har på matta gjennomsyrer heile verksemda og alle våre gjerningar her.