Vedtekter 2024

 

VEDTEKTER FOR Allmenningen SA

 

Samvirket er grunnlagt på dei følgjande samvirkeprinsippa:

 

  • 1.    Samvirkeeform og føretaksnamn

Samvirket er eit samvirkeføretak med verksemdnamn Allmenningen SA. Medlemane heftar ikkje overfor kreditorane for føretaket sine forpliktingar.

 

  • 2. Forretningsstad

Forretningskontoret er i Bergen kommune.

 

  • 3. Verksemda

Føretaket er ein sosial entreprise og skal drive kulturformidling. 

 

Verksemda har til føremål å fremje medlemane sine økonomiske,  profesjonelle og

sjøvrealiserande interesser gjennom den einskilde si deltaking i verksemda som skaparar, leverandørar og brukarar av varer og tenester, prosjektutviklarar og andre relevante roller. Verksemda kan drive forretningverksemnd som relater til hovudføremålet.

 

Verksemda skal vere ein arena for samarbeid, nettverksbygging og kreativitet, for tverrfagleg løysingsorientert tenking og arbeid. Verksemda skal gje medlemane ein plattform for å skape mogelegheit, livskvalitet og personleg utvikling og inntekt.

 

Verksemda si avkastning, med unntak av ein normal renteforteneste av innskoten kapital, vert fordelt mellom medlemmane på grunnlag av den einskilde sin del i omsetjinga av verksemda. Det vert sett opp eit medlemsprogram som vil styre fordelinga av avkastinga.

 

  • 4.   Partsinnskot og medlemskontingent
  1. Det einskilde medlem skal betale kr500 i partsinnskot. Beløpet betalast inn til verksemda sin bankkonto ved teikning av medlemskap. 
  2. Partane kan ikkje omsettast. Partane kan ikkje pantsettjast eller takast utlegg i.
  3. Det einskilde medlem skal betale medlemskontingent som vert fastsett av årsmøtet. Hovudregelen skal vere at årskontingenten tilsvarar partinnskotet.
  4. Dersom styret består av tre personar og den eine ynskjer å melde seg ut, kan styret einstemmig vedta å ta imot ein ny medlem utan at den nye medlemmen treng å betale partsinnskot. Denne særeigne regelen er berre til for å hindre at verksemda må leggjast ned på grunn av for få medlemmar.
  5. Årsmøtet kan vedta at årsoverskotet som kan deles ut etter samvirkelovas § 27 tredje ledd, heilt eller til dels kan brukast til forrentning av partsinnskott jfr. samyrkelovas § 30 
  6. Ein person som ønskjer å bli medlem følgjer innmeldingsprosedyra, som fastsettast av årsmøtet. Ved utmelding har medlemmen ikkje krav på å få partsinnskuddet sitt attende. Utmelding kan skje etter medlemmen sitt eige ynskje, eller med 4/5 flertall på årsmøtet.

 

  • 5. Bruk av årsoverskot

 

Vedtak om bruk av årsoverskotet avgjertast av årsmøtet etter framlegg frå styret. Det kan ikkje bli gjort vedtak om å bruke eit høgare beløp enn det styret leggjer fram eller godtar, men årsmøtet kan sjølv avgjerde bruken innafor følgjende rammer: 

 

  1. Godskriving av verksemda sin eigenkapital
  2. Etterbetaling (jf. samyrkelova § 27) 
  3. Avsetnad til etterbetalingsfond (jf. samyrkelova § 28)
  4. Avsetnad til medlemskapitalkonti (jf. samyrkelova § 29)
  5. Forrentning av andelsinnskot og medlemskapitalkonti (jf. samyrkelovas § 30)

 

  • 6. Styre og dagleg leiar
  1. Verksemda skal ha eit styre med minst tre og høgst femten medlemmar, og kan ha opp til 10 varamedlemmar. 
  2. Verksemda skal ha ein dagleg leiar. 
  3. Styreleiar blir valgt av årsmøtet. Valperioden er to år. Styreleiar kan stille til attval.
  4. I samvirkeverksemd med fleire enn 30 tilsette har dei tilsette rett til å krevje styrerepresentasjon. Sjå samvirkelovas §§ 67 og 68. 
  5. Valperioden for styremedlemmar er to år. Etter fyrste år går ein tredel av styremedlemmane ut ved loddtrekking, dersom maksimumstalet på medlemmar er nådd. 
  6. Styret har ansvar for ein forsvarleg organisering av verksemda i tråd med det som er fastsett av lova  og vedtektene. Verksemda forpliktast av underskrift av styret sin leiar og eitt styremedlem i fellesskap. Styret kan meddele prokura.

 

  • 7. Ordinært årsmøte

Årsmøtet er verksemda si øvste myndigheit. Årsmøtet skal haldast innan utgongen av mars månad. Innkallinga til årsmøtet vert sendt ut slik at medlemene har motteke den seinast ei veke før møtet. På det ordinære årsmøtet vert følgjende saker handsama og avgjort:

  1. godkjenning av årsrekneskap og årsmelding, og bruken av årsoverskot
  2. godkjenning av medlemdkontingent og innmeldingsprosedyre
  3. andre saker som etter lova eller vedtektene høyrer under årsmøtet. 

Vedtak i årsmøtet fattast med fleirtalet av gjevne røystene i møtet, så sant ikkje anna er fastsett i lova. Avgjerder om vedtektsendringer fattasr med 2/3 fleirtall av dei gjevne røystene. 

 

 

 Ekstraordinært årsmøte:

 

Ekstraordinært årsmøte:

Styret kan kalle inn til ekstraordinært årsmøte. Styret skal også kalle inn til ekstraordinært årsmøte når revisor eller minst 1/10 av medlemmene krevjer det skriftlig. Ekstraordinært årsmøte behandler kun dei sakene som er varsla i innkallinga.

 

 

  1.         Fordeling av nettoformuen ved oppløsning av foretaket

Verksemda sine medlemmar har ikkje rett til å få utbetalt sine andelsinnskot og inneståande på medlemskapitalkonti dersom det er midler i verksemda etter at det har dekka forpliktingene sine. Medlemmane har ikkje krav på å få utbetalt renter på andelsinnskot eller medlemskapitalkonti.

 

Gjenverande midlar utover dette skal gå til dei som er medlemmar på oppløysingstidspunktet. Fordelinga av midlene skal skje på grunnlag av deira omsetning med føretaket de siste fem åra.

 

  • 9. Voldgift

Tvist mellom medlemmane eller mellom eitt medlem og verksemda skal først freistast løyst ved forhandlingar, gjerne ved hjelp av ein tredje person. Fører slike forhandlinger ikkje fram, kan kvar av partene forlange tvisten endeleg avgjort ved voldgift etter bestemmelsene i lov 14. mai 2004 nr. 25 om voldgift.

 

Voldgiftsretten treffer også avgjerd om saksomkostninger.

 

 

17.02.2024