Verdiskildring for Allmenningen SA
Allmenningen SA skal vere ein arena for samarbeid, nettverking og kreativitet, for tverrfagleg løysingsorientert tekning og arbeid. Allmenningen SA skal gje medlemmane ei plattform for å skape mogelegheiter, livskvalitet, personleg utvikling og inntekt.
Vi har eit ansvar for å tenkje saman, å rådføre oss med kvarandre, og lufte tankar og idéar. Vi har eit ansvar for å ta del i andre sine prosessar, og tenkje saman med dei. Vi står sterkare saman, og deler utfordringar og resultat. Vi verdset kompetansen og erfaringa kvar einskild medlem har, og tilfører Allmenningen SA. Vi verdset alle dei ulike røystene og perspektiva dei bringer. Vi verdset usemje og tid til å tenkje, før vi kjem saman att og finn ein veg vidare. Det er gjerne slik vi finn dei beste løysingane.
Allmenningen SA skal vere det metaforiske åpne rommet midt i byen, der folk kjem saman. Det skal vere ein trygg plass å vere for både medlemmar, deltakarar, pasientar og kundar.
Allmenningen SA skal vere ein paraply for mange ulike prosjekt, som alle er forankra i det same verdigrunnlaget. Dette verdigrunnlaget handlar om eigerskap til eiga arbeid, om handlekraft og meistring. Det handlar om inkludering, solidaritet, lojalitet og ein flat struktur. Det handlar om å vere dyktige, grundige og ærlege i det vi gjer.
Alle er ansvarlege for sine eigne prosjekt, som har som krav å vere berekraftige innan ein fastset periode. Dette vert forhandla med styret i kvart tilfelle.
Allmenningen SA trur på å ta riktige avgjerder, å gjere det som er rett. Det å ha mot til å ta vanskelege etiske avgjerder, og å late dette motet gjennomstrøyme heile samvirket, og alt vi gjer. Allmenningen SA fremjer gode, heilskaplege balansar i livet.