Vekst

Allmenningen Vekst tilbyr reiskapar til profesjonell vekst & utvikling. Vi er opptekne av at kvar einskild skal få reiskaper til å vekse, til å oppfylle potensialet sitt. Vi har lang erfaring med å arbeide med mellom anna stressproblematikk, omstillingsprosessar, usemje og konfliktsituasjonar og andre utfordringar som kjem i arbeidskvardagen. Vi har både ein-til-ein-tilbod og gruppetilbod. Det er også eit godt overlapp mellom profesjonell og personleg vekst & utvikling – sjå gjerne på samhandlingssidene våre også. Ta kontakt og fortel meir om kva utfordringar de har, så finn vi løysingar i lag.