Yoga for revmatikerforeningen

Vi held til ved Lærings og Mestringssenteret, Ulriksdal

Startdato: 7. januar

Gruppe 1: Tysdagar kl. 16:30 – 18:00

Venteliste

Gruppe 2: Tysdagar kl. 18:30 – 20:00

2 ledige plassar

Merk at det er ikkje yoga 4. februar, 11. mars, 15. og 22. april

Siste kursdag våren 2025 er 20. mai.

Eigenandelen i 2025 er 2500kr. Eg tek imot kortbetaling (evt. delbetaling) på den første timen.

Skriv tydeleg gruppeønske.

Påmeldinga er bindande.

Ingen refundering.

 

Påmelding til Meistring & Livskvalitet

9 + 8 =

Hausten 2024

Merk at det er ikkje yoga 12. november.

Siste kursdag hausten 2024 er 10. desember.

Velkommen til nye 16 veker med yoga i 2025!

Det vert eit par endringar til våren:

  • Vi flytter opp att til Læring og Mestringssenteret på Ulriksdal
  • Det vert berre to grupper denne våren

 

Dette populære 16-vekers kurset er for deg som er medlem av Bergen Revmatikerforening. Det er viktig å ha vanar som støtter opp under god fysisk og psykisk helse, og vi som har kroniske tilstandar må gjerne jobbe litt hardare for å halde oss så friske som mogeleg.

Kurset har fokus på meistring og livskvalitet, og tek omsyn til problemstillingar særskilt tilknytt revmatiske tilstandar. Her får du kunnskap om bein, musklar, ledd, bindevev, stressrespons og legingsprosessar og korleis du gradvis kan trene og styrke fysisk og mental helse. Vi jobbar langsiktig og sakte, slik at kropp og hovud klarer å snakke saman. Vi kjenner etter, set ord på det vi kjenner og aukar sensitiviteten gradvis. Vi jobbar med meistring og livskvalitet, med styrke, balanse, tryggleik, koordinasjon, sjølvkjensle, pusteteknikkar, avslapping og kvile.

 

Målet med kurset er at du skal få reiskaper som kan være med på å gje deg auka livskvalitet og ei større mestringskjensle, auka rørslerom og sjølvkjensle. Etter kurset kjem du til å ha nok kunnskapar til å ta del i dei andre yogatimane våre, og vere viss på at du kan gjere dei endringane du treng for å ha ei trygg og positiv oppleving.

 

Ta med deg ei flaske vatn, og yogamatte, teppe & pute hvis du vil, til avslappinga. Ha på deg lause, komfortable klede, som du kan røre deg i. Du får låne stol i undervisningslokalet.

Ikkje kom på yoga om du er sjuk.

Dersom tysdagar ikkje passar for deg, eller du ikkje får plass på kurset, er det mange andre timar og kurs å velje mellom. Sjå timeplanen og kursoversikta for meir info.

  • Næraste bybanestopp er Haukeland sjukehus
  • Næraste busstopp er Statsarkivet
  • Næraste parkeringsplass er Haraldsplass

Dru yoga er ei blanding av klassisk hatha yoga, tai chi og qi gong.

Vi rører oss sakte, i ein roleg flyt, og held ledda laust og lett bøygde.

Ingenting skal gjere vondt, og vi høyrer på kroppen, og lærer kvar grensene går.

Dru Yoga skal være ei vakker oppleving kvar gong.