Datoar for miniretreats i 2024:
Tid: 16:30 – 19:30
Pris: 575kr/489kr student
Pause, avkopling, opplading og sjølvomsorg. Somme tider treng vi litt ekstra støtte, litt ekstra tid til oss sjølve. Til å puste, til å lande.
Miniretreats kan være løysinga for deg: her får du tre timar med rolege, særskilt tilpassa yogasekvenser, meditasjonar, pusterørsler og kvile. Du får tid til å nullstille deg.
Eg tilbyr miniretreats som ei mjuk avslutting på kvart yogaprogram, og vi kjenner på årtidsendringar og lystilhøva. Vi bruker Lysmeditasjonarboka, og tenkjer saman på vekene som har gått og vekene som kjem. Eg held også miniretreats ved andre høve, og på etterspurnad.
Miniretreat høver for deg som kjem jamnleg på yogatimane, og for deg som gjerne vil, men ikkje har tid. I miniretreatane våre får du reiskaper til sjølvomsorg, her er det du – og heile du – som står i sentrum. Alle rørslene er gode og vare, pusteøvingene mjuke og meditasjonane gode og komfortable. Velkommen til tre mjuke og rolege timar.
Eg kan også sette opp miniretreats for lukka selskap på 4 – 8 personar.
Kanskje du også kunne tenkje deg ein miniretreat som del av eit før-bryllupsprogram, eller etter eksamen?
Kanskje det er den perfekte aktiviteten for klubben, eller teambuilding for jobben.
Fødselsdagsfest, påfyll i foreldrepermisjon, eller pensjonsgåve?
Kanskje du har gjestar, og vil gjere noko utanom det vanlege saman med dei?
Eg kan legge til rette for det. Kontakt meg på yoga@allmenningen.org