Om justering i yoga

 

Når eg får nye deltakarar på yogakurs eller timar, er det minst ein som spør om eg kan kome rundt og justere dei i posisjonane. Dette er vanleg praksis mange stader, og somme tider vil instruktøren dra i deltakarane, eller dytte dei inn i ein posisjon. Eg har sett videoar av instruktører som har lagt all kroppsvekta på deltakarane for å bøye dei djupare inn i ei stilling. Dei har sikkert gode grunnar til dette, men eg gjer det aldri.

Eg meiner at når kroppen og hovudet kommuniserer godt, og kroppen er klar – og sterk nok – til å gjere ei rørsle, så kjem det. Roleg og udramatisk, når deltakaren er klar. 

Heile kroppen heng saman. Dersom vi har svake, ukoordinerte eller underutvikla musklar ein stad, vil andre delar av kroppen kompensere for å halde oss gåande. Dette er ein del av tilpassingsevna vi har som menneske, og som gjer oss så flinke til å overleve, men det er milevis frå overleving til meistring, og det er meistring vi arbeider med i yoga.

Når vi skal gjere ei rørsle som krev balanse, styrke, fokus og koordinasjon – som til dømes Vrksasana (treet), gjev eg først ei verbal og visuell forklåring av kva vi skal gjere. Så gjev eg verbale instruksjonar, eller prompts, undervegs. Eg fortel at beinet vi står på må vere mjukt i kneet. At beinet vi løftar, kan framleis vere nede i bakken. Og at hoftene skal vere på linje. At vi løfter heile ryggen når vi løfter armene, slappar av i skuldrene og pustar djupt og roleg. At vi glir gjennom rørsla, før vi skiftar fot og gjentar, gong på gong.

I byrjinga er dette ei rørsle alle kan vere med på, men som gjerne er tung og vanskeleg. Det er mykje å halde styr på, og som regel får deltakarane med seg berre litt av det eg seier. Dei står gjerne litt skeivt, eller har beinet dei står på litt for stivt. Så kvifor justerer eg ikkje på hofter og kne? Då ville jo alle gjere det rett med ein gong?

For det første, er det viktig at deltakaren forstår kva som skal gjerast. Det er kognitive og fysiske prosessar som må finne stad i kvar einskild. Hovudet og kroppen må lære å samarbeide på nytt vis i yoga, og det er viktig at lærdomen kjennast frå innsida. Kroppen må lære å røre seg i takt med pusten, kontrollert og varsamt. Rørslene får etter kvart djupare meining, og dette er prosessar som fører til endring, som gjev styrke og koordinasjon til kroppen, og nye tankar og perspektiv til hovudet. Kropp og hovud lærer korleis rørsler kan gjerast utan over-eller feilbelasting. Korleis kroppen kan halde seg trygg, innanfor det komfortable rørslerommet. Dersom eg justerer deltakaren, tek eg frå hen denne læringsmogelegheita. Det fører til at deltakaren vert avhengig av justeringane mine, i staden for å bygge opp tryggleiken i eigen kropp og dømmekraft. Difor gjev eg verbale prompts undervegs, og oppmodar deltakarene til å øve seg heime, kjenne etter korleis kroppen har det, og sjå i spegelen for å lære balansepunkt og leddvinklar.

For det andre, er kvar kropp unik. Vi er sete saman på ulikt vis, så utgangspunkta våre er ulike. Vi har også levd ulike liv, så vi har vorte forma ulikt av opplevingane våre. Dette tyder at vi har ulikt rørslerom, og at kroppane våre reagerer ulikt på det vi går gjennom. Det tyder at det er berre deltakaren som veit korleis kroppen sin rører seg, og korleis kroppen sin reagerer. Deltakaren lærer gradvis, litt etter litt. Rørslerommet utvider seg sakte, men det er viktig at dette kjem frå ein trygg plass. Dersom eg justerer ein deltakar som har fulgt instruksjonane mine så godt hen kan, kjem eg i vegen for den interne kommunikasjonen mellom kropp og hovud.  Deltakaren kan verte skada gjennom å verte dradd eller pressa for langt, eller lenge, inn i posisjonar som ikkje kroppen toler. Difor byggjer vi musklar og kontroll innanfrå, og eg minnar deltakarane på at rørslene skal kjennast gode heile tiden. På dette viset styrer deltakaren utviklinga si sjølv, held seg trygg, og byggjer opp sjølvtillit og sensitivitet.

For det tredje har eg stor respekt for personleg plass og individuelle prosessar. Eg veit ikkje alltid kva deltakarane mine har vore gjennom, og om dei slit med traumer eller angst. I yoga, medan vi strekk og tøyer på kroppen, kjem desse tinga til overflata. Det tyder at deltakaren får sjanse til å bearbeide dei, i si eiga tid. Mi rolle er å skape ein trygg plass, der desse prosessane kan få finne stad. Dersom eg justerer ein deltakar, kan eg trigge ein reaksjon som deltakaren ikkje er klar til å handsame. Når deltakarane sjølv styrer kor langt dei går inn i ei rørsle, og kor lenge dei held denne, styrer dei også den emosjonelle reaksjonen. For ein som er i ein sårbar posisjon, er dette naudsynt for å verte sterkare og meir motstandsdyktig. På dette viset kan yoga verte del av ein legingprosess.

Gjennom rørsler, pust og meditasjon har eg sett deltakarar bearbeide jobbsituasjonar, livsvalg og framtidsutsiktar. Eg har sett dei handsame sjukdom og kroniske tilstandar, førebu seg på store endringar og ta viktige avgjerder. Det er alvorlege ting vi arbeider med på yoga, og rolla mi er å legge til rette for den best mogelege opplevinga og prosessen for kvar einsikild deltakar. Difor justerer eg ikkje, men syner tillit til at deltakaren arbeider med eigne prosessar, i sitt eige tempo. Det tyder at det tek gjerne litt lengre tid før alle klarar å følgje instruksjonane mine i Vrksasana, men når dei først får det til, vert det så mykje betre. Og større meistringskjensle.